Karuzela

karuzela_group1

Gjer deg klar til eit polsk-norsk stemnemøte! Dette går rett til hjarterøtene tenk klezmermusikk møter Cornelis Vreeswijk. Karuzela er eit utval songar frå den moderne polske songskatten framført av sterke musikalske namn både frå Noreg og Polen. Songane blir også framført på begge språk av og til samtidig. Her blir det servert melankolsk jazz poetiske viser lette poplåtar og sterke kjærleikssongar – heile spekteret ein visekveld skal innehalda.

Det er over 200.000 polakkar i Noreg og dei «byggjer» landet vårt for tida så det er spennande å leita litt meir etter identiteten til dei nye naboane våre. Polen har ein lang og stolt visetradisjon særleg gjennom artistar som Agnieszka Osiecka (1936-97) det store ikonet innan polsk populærmusikk. Jørn Simen Øverli gjendiktar og overfører hennar og andre sine songar frå polsk til norsk dei fleste for fyrste gong.

Bandet skal turnera både Noreg og Polen i regi av Rikskonsertane – og til Voss har dei med seg Cikada kvartetten.
Jørn Simen Øverli – vokal og gitar
Tora Augestad – vokal
Joanna Lewandowska-Zbudniewek – vokal
Espen Leite Skarpengland – trekkspel
Grzech Piotrowski – saksofon og duduki
Sebastian Wypych – bass
Pål Hausken – trommer

Cikada kvartetten;
Stine Rem Aarønes – fiolin
Odd Hannisdal – fiolin
Bendik Foss – bratsj
Hans Josef Groh – cello

In English:
A Polish-Norwegian rendevouz is about to take place! Karzuela is a dive into the rich wells of Polish tunesmithery delivered by prominent musicians from both countries. Melancholy jazz poetic melodies klezmer pop and the odd love song! The Polish singer-songwriter tradition is perhaps not as well known outside the country but artists like Agnieszka Osiecka (1936-97) is the icon of popular music in Poland and her music will for the first time be performed in Norwegian. Don’t miss this most intriguing gig!

Del gjerne!