Karuzela – polske songar på norsk

karuzela_foto_christian_weiss_rikskonsertene

Gjer deg klar til eit polsk-norsk musikalsk stemnemøte!

Dette er musikk som går rett til hjarterøtene – ei kryssing mellom gripande polske chansons og eit norsk visejazzlandskap.

Karuzela gir deg utvalde songar frå den moderne polske songskatten framført av sterke musikalske namn frå både Norge og Polen. Songane blir framført på begge språk – av og til samtidig. Du vil bli servert melankolsk jazz poetiske viser lette poplåtar og sterke kjærleikssongar. Dette er kompleks musikk med både hjarte og varme.

I dag bur det over 200 000 polakkar i Norge. Desse ”bygger” for tida landet vårt så det er både spanande og viktig å leita litt meir etter identiteten deira. Med Karuzela er det første gong deira framste songdiktar dei siste 50 åra Agnieszka Osiecka blir presentert i utlandet og i ei anna språkdrakt og for polakkane er dette historisk. Jørn Simen Øverli har gjendikta og overført Osiecka og andre sine songar frå polsk til norsk – dei fleste for første gong no til denne turneen.

Gruppa har i haust gjennomført ein lang og svært vellukka turné i Polen og no står Norge for tur. På utvalde konsertar m.a. til Vossa Jazz  har dei med seg Cikada Strykekvartett.

Albumet ved same namn kom for sal i februar.

Del gjerne!