Karl Seglems Jazzeld – Ekstremjazz

Karl Seglem copyright: oddleiv apneseth

Foto: Oddleiv Apneseth


Frykt glede spenning er ord ekstremsportutøvarar ofte nyttar når dei skal seia noko om kva som driv dei. Som musikar og komponist kan desse orda òg fortelja litt om kva kjensler som rører seg når ein kastar seg ut i nye musikalske landskap nye improvisasjonar nye samarbeid.

Med utgangspunkt i musikken frå det Spellemannprisnominerte albumet «Ossicles» (latin for dei tre minste knoklane i øyra: hammaren ambolten og stigbøylen) ser eg fram til å skapa ein Ekstremjazzkonsert der det å leika med ulike element er utfordringa. Både element i naturen i grupper av menneske og i enkeltindividet – som alle blir utfordra.

Eit mål er å knytta lyd musikken min tett saman med framvisningane til utøvarar av ekstremsport og skapa ei total-oppleving der og då. Marginane for å lukkast 100% er som alltid små. Mange faktorar skal klaffe og naturen spelar sine instrument. Men på den særskilte arenaen (taket på Voss Kulturhus) og med dei flotte omgjevnadene ligg alt til rette for å skapa noko heilt unikt denne laurdagskvelden i april.

Som klangbotn så å seia har eg valgt bålet – elden. Eld har vore og er til stor inspirasjon – ei urkraft – og som i tydinga av ordet: eld (norr. eldr): eldhug lidenskap kraft. Det skjer noko med oss menneske når me samlast rundt eit bål eller ser eit bål i det fjerne. Eld er også ein sterk kveik ein kan føla etter å ha overvunne utfordringar eller når ei skakande oppleving med positivt forteikn set avtrykk i kvar einskild av oss. Eg kryssar fingrane for at vår Jazzeld vil setta avtrykk i mange som tek turen til konserten for å høyra sjå og kjenna – eldr.


Karl Seglem jan. 2011.


Karl Seglem – komoinist ten.sax bukkehorn
Håkon Høgemo – hardingfele
Lars Jakob Rudjord – keyborads
Helge Harstad – bass
Harald Skullerud – trommer perkusjon 
Asle Karstad – lyd
Anne Bryhn – koreografi tilrettelegging
Even Rokne m.fl. – ekstremsport 

 

In English:
Fear joy and excitement are words often used by extreme sport athletes. The words are also well suited to describe how musician and composer Karl Seglem feels about new musical challenges such as this! Jazzeld means jazz fire and are clues to what we can expect of this year’s Extreme jazz. The venue is as always outdoors this time on the roof of the newly opened culture house at Voss. With the stunning scenery reckless stunts and a bold composer we are certainly allowed to have some expectations!

Del gjerne!