Karl Seglem om Vossa Jazz

Karl Seglem copyright: oddleiv apneseth

Foto: Oddleiv Apneseth

1. Kva er ditt forhold til Vossa Jazz?
Eg var på den første jazzfestivalen i mitt liv – i mars? 1979: Vossa Jazz. Forstod antageleg lite – men eg vitja kvar festival fram til seint på 80-talet og ein og annan sporadisk festival fram til 1996 – sist eg spelte der om eg hugsar riktig.

2. Har du spesielle opplevingar frå festivalen?
Ein av mine største musikkopplevingar nokonsinne – og på høgde med «nattmessa» til Miles Davis i Molde 1984 var då Hermeto Pascoal spelte i kjellaren på Vossevangen. Magisk stemning og eit fantastisk band. Hadde vel kjellaren der som ei favorittscene for ein kom så nær musikken (kunne sitta på golvet rett framom). Har også mange fine konsertminner frå Vang Pensjonat! der tenorsaksofonistar frå aust og vest samt heimlege Bjørn Johansen gjorde djupt inntrykk på ein gryande improvisator! Og ikkje for å gløyma deltakinga på storbandseminar med Voss Storband og Knut Kristiansen og konsertane på festivalen. Dei betydde mykje.

Karl Seglem står bak årets Ekstremjazz på og ved Voss Kulturhus laurdag 16. april kl. 20:00. Konserten er gratis!

Del gjerne!