Karl Ove Knausgård opnar årets Vossa Jazz

For åttande gong får opningskonserten ei litterær innleiing på Vossa Jazz. Den forfattaren som får oppdraget står heilt fritt til å framføra kva han eller ho vil.

Einste føringa er at det skal vera nyskrive spesielt for dette høvet. Tidlegare har mellom anna Frode Grytten, Einar Økland, Marit Eikemo og Ragnar Hovland opna festivalen.
– Eg er så lei av politikarar som lirer utav seg flosklar og viss-vass på allslags opningsseremoniar. Ofte er dette reint sjølvskryt skrive av festivalane sjølve. Me vil heller overlata scena til nokon med eit anna bodskap og anna vinklar. Me vil ha kultur i alle kanalar, seier festivalsjef Trude Storheim.

Få bøker i Noreg har fått meir merksemd og vunne fleire prisar dei siste åra enn Min kamp-bøkene. Den skriveføre mannen bak desse og dei andre kritikarroste bøkene Ute av verden og En tid for alt, Karl Ove Knausgård, står for den offisielle opninga av den 42. Vossa Jazz.

Fredag 27. mars kl. 19:00 i Vossasalen, før opningskonserten med Erlend Skomsvoll.