Karismatiske Haddy N’Jie

Haddy N’Jie sjarmerte anmeldarar og publikum ned i senk på Hot Spot på Fleischers. Dama har både sjarm og ei fantastisk stemme som bringer tankane til artistar som Tracy Chapman og Nina Simone. Ho har ei historie å fortelja og presenterer dessutan eigne og meiningsfulle tekstar. Det gjer ekstra stjerner i boka hjå jazzpublikum på Voss.