Kaffi, kattepusar og klaver

Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli
Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli

“Hej! Ska ni på konserten? Hoppas att det inte var för svårt att hitta fram. Bara gå runt huset och gå rakt in!” Stefan hadde stukke hovudet ut gjennom glaset, og vinka oss inn. Før me kom til døra titta ein liten oransje pusekatt blygt fram frå bak ein hagestol i sola. 

Inne i gangen vart me møtt av ei ivrig lita prinsesse og ein litt febersjuk smårolling, slik som det ofte er heime. Me fekk beskjed om at det var nybakte solbollar og ferskbrygga kaffi på kjøkenet, og det var berre å forsyna seg. Deilig. Me sette oss ned på ein saueskinnsdekt benk medan me venta på konserten. Med ein pus på fanget og ein bolle i handa, kunne me lena oss tilbake medan me lytta til tonane frå det over hundre år gamle pianoet frå Boston.

Osgood var seg sjølv lik, og hadde med seg ein pose full av perkusjon. Cymbalapekatter, visp og ljosestake er berre noko av det me fekk høyra ljoden av denne laurdagen. Ein litt rusken “Come Back Baby” glei rett inn i stova, og me var akkurat der me villa vera. Heilt heime, men samstundes i ei heilt anna verd.

Del gjerne!