Juleroser 19. desember avlyst

Me må dessverre avlyse konserten i Gamlekinoen 19. desember. Kjøpte billettar vert refundert.

Juleroser vert sett opp igjen 14.12.2021Billettsalet startar våren 2021.

Herborg Kråkevik er lei seg for at årets konsert vert avlyst, men ser fram mot ny konsert i 2021:

– Kjære konsertpublikum!
Det er ikkje lett for meg å innsjå at me må avlysa Juleroser-konserten i Gamlekinoen på Voss den 19. desember. På grunn av alle Covid-19-restriksjonane er det ikkje mogleg for oss å gjennomføra konserten slik me helst ville. Eg håpar jo at neste år vert eit meir konsertvennleg år, og eg håpar at de vil koma til Julerose-konsert 14. desember 2021!

Og så håpar eg at de får ei god førjulstid i år!

Vennleg Helsing Herborg