Julerosekveld med Herborg Kråkevik og gjester

Endeleg – dvs. tysdag 14. desember – skal me få oppleva Herborg Kråkevik og hennar storslåtte Julerose-tunré i Gamlekinoen!

Ho har med litt av eit lag: Linda Eide, Vigdis Hjorth, Mathias Eick, Julerosekvintetten og Helge Lilletvedt! Saman garanterer dei for at det blir adventstemning, jolelatter- og tristesser, klassiske joleforteljingar og heilt rykande ferske tekstar om kvarandre frå Noregs største kunstnarar.

Dette skal bli ei juleforestilling som snakkar til alle krinkar og krokar av julehjarte vårt! Jul er følsame greier, og kunst gjer alltid godt, om det no er musikk, litteratur eller biletkunst. Eg håpar de vil koma og oppleva Juleroser frå scenen. Me skal gjera alt me kan for å underhalda og røra dykk og forhåpentlig gje alle litt fred i julesinnet, seier Herborg.

Dei siste åra har joleheftet Juleroser med redaktør Herborg Kråkevik – der nokre av landets fremste forfattarar og kunstnarar bidrar – blitt ein kjær del av jolestemningen i mang ein heim rundt om i landet.


Kjøp billettar hjå TicketCo.

Velkomne til ein vakker julerosekveld!

Del gjerne!