Jublieumskonsert med Reiersrud og Kleive 19.desember!

Iver og Knut

Vossa Jazz feirar framleis sine 50 år i år, og 19.desember blir det konsert med Knut Reiersrud og Iver Kleive i Vangskyrkja.

Det legendariske radarparet Iver Kleive (orgel) og Knut Reiersrud (gitarer og oud) treng knapt nokon nærare presentasjon. I snart 30 år har dei med jamleg spelt for fullsette kyrkjer og konsertlokale rundt om i Noreg. Med utgangspunkt i norske folketonar, salmar og eigne komposisjonar har Iver og Knut tilført ein ny dimensjon til tradisjonell kyrkjemusikk.

Dørene åpner : 16:30

Konsertstart: 17:00 

Varigheit : 75 min

Del gjerne!