Jubileumsparade og sjøsprøyt på Torget

shantykoret_foto_marius_knutsen_0

Torget på Vangen var fullsett med menneske i alle aldrar og tilboda bogna. Her kunne ein mala andleta sine i alle regnbogen sine fargar delta i ymse tevlingar samt njote vått og turt frå ulike aktørar.

Fyrst på banen er tausene frå Trondheim Voices. Med særeigen og til tider pervers perfeksjonisme tek dei oss attende til ei tid der lokk fungerte som kommunikasjonsmiddel. Frå altan og hustak spelar dei lokken fram og attende mellom seg over eit engasjert publikum. Briljant kastar dei ballen vidare til Storm Weather Shanti Choir.

Rockekoret frå Stord veit å bevege ei folkemengde bokstavleg tala. Frå altanen til “Tre Brør” oppfordrar dei til deltakande observasjon gjennom røyrsle tilrop og allsong. Publikum er med frå fyrste stund. Under altanen som baugspryd heng eit teppe med bilete av ei havfrue. Havfrua leikar seg i vinden og fungerer som eit segl for den djerve mannskapen på skuta. Med seg har dei eit arsenal av instrument sjeldfengd speleglede og endåtil plakatar med tekst som fungerer som karaokemaskin. Alt i alt ein smakfull bete av kva vi kan vente oss i Vossajuvet seinare denne laurdagskvelden. Då er dei attende med meir sjø meir salt og meir shantirock.

Del gjerne!