Jubileumsfest

Det heile starta som seg hør og bør med opningskonsert. Denne gongen med Ivar Kolve Berit Opheim og Kåre Opheim i trykkeriet til avisa Hordaland før turen gjekk vidare med buss til Myrkdalen. Undervegs vart det servert sannsoger frå 40 års festivalhistorie.

Vel framme på Myrdalen Hotel vart det meir mimring – den store jazzpraten – ved Jan Granlie og Lars Mossefinn.

På hotellet fekk 130 gjester servert festmiddag med underhaldning av jubileumsbandet; Ivar Kolve Kåre Kolve Bjørnar Kaldefoss Tveite Berit Opheim og Kåre Opheim.

Etter festmiddagen underheldt Yngve and his Boogie Legs til god stemning og glade gjester.

Festen var open for alle og noverande og tidlegare styremedlemmer rådsmedlemmer medarbeidarar samarbeidspartnarar og gode Vossa Jazz-vener hadde ei knallkjekk feiring.