Jubileumsfest på Mølstertunet 19.desember!

Vossa Jazz vart skipa 19. desember 1973, og 50-årsdagen vert feira på sjølve bursdagen på Mølstertunet.

Vil du vere med? Me inviterer no ope ut, og det er førstemann til mølla.

Fyll ut dette skjema og meld deg på innan 1.november.

Programmet blir som føljer:
17:00 Jubileumskonsert med Knut Reiersrud og Iver Kleive i Vangskyrkja.
18:15 Buss til Mølstertunet
19:00 Jubileumsfest på Mølstertunet med pølsefest, boksal, åresal, bar, musikk og god stemning
Me avsluttar festen i 23-tida.

Me dekjer kostnadane for festen og bussen opp og ned, men vil du på konserten, får du kjøpe billett til denne sjølv. Link til billettar til den finn du her:

Del gjerne!