Jon Eikemo med Sivle-framsyning 22. mai

jon_foto_dnt_john_hughes

Foto: Jonh Huges

For nokre år sidan la Jon Eikemo Noreg for sine føter med diktarportrettet av Jakob Sande. No presenterer han ein annan sentral skald frå skulesongboka diktaren sogeforteljaren og journalisten Per Sivle (1857-1904).

I framsyninga Per Sivle. Ikkje lenger enn min kjærleik rekk gir Jon Eikemo oss smakebitar frå Sivle si dikting og scener frå eit omflakkande liv. Eikemo har musikalsk hjelp frå pianisten Olga Konkova og frå musikar og komponist Ketil Bjørnstad som har komponert musikk til utvalde tekstar av Per Sivle.

Fraktgodsen laurdag 22. mai kl. 19:30

Førehandsal hjå Fleischer`s; resepsjonen eller tlf. 56 52 05 00.

Del gjerne!