Jolakonsert 6. desember: Frå høge himmel

Frå høge himmel er ein annleis jolakonsert med vakre, tradisjonelle jolasalmar frå Rogaland. Den fagraste Rosa, Et barn er født i Betlehem, Her kjem me dine arme små, Mitt hjerte alltid vanker, med fleire, med lokale melodiar frå Egersund i sør til Karmøy i nord.

Somme av salmane er slike vi framleis brukar i jola, men gjerne med andre melodiar, andre er i ferd med å gå i gløymeboka. Her er salmar med innfløkte melodiske vendingar og forsiringar, og her er salmar med meir enkel melodiføring.

Publikum får høyra snodige, snirklete julesalmemelodiar med alderdomlege og høgtidsstemte julesalmetekstar i ein varm samklang med piano, keyboard og klarinettar.

Medverkande:
Åshild Vetrhus – folkesong
Andreas Ulvo – piano, tangentar, song
Morten Barrikmo – klarinettar, song

Osasalen, Ole Bull Akademiet sundag 6. desember kl. 16.00

Kr. 270,- inkl. billettavgift. Få plassar! Kjøp billettar hjå TicketCo.

Konserten vert skipa til i samarbeid med Voss jazzklubb.

Me følgjer gjeldande retningslinjer frå FHI.