Jolajazz

jazz11

5. joledag er det på Voss det skjer: Kvart år skipar Vossa Jazz til Jolajazz. Festivalen lokkar med god musikk og god steming. Jolajazz 2008 kunne lokka med noko for einkvar smak; unge talent i Night lights og Smiletones med Olav Dale som gjest standardjazz med Galkov trio og garasjerock med Good Time Charlie. Trøkk og dans vart det òg med Kakkamaddafakka med gjestene Helen Eriksen og Matias Tellez og med svenske Räfven fekk dei fleste svingt på jolaflesket.

Del gjerne!