Jolajazz

jazz11

Årets Jolajazz finn tradisjonen tru stad på Park Hotel Vossevangen 29. desember.

Det heile startar med Badnajolajazz i Vossasalen kl. 13:00 der Pappabandet held ynskjekonsert!
Vidare blir det gratiskonsert med band frå UNGjaJAZZja! i Bula kl. 14:30.Dørene opnar for kvelden kl. 21:00 og då går det slag ut slag utover kvelden og natta;

  • Sister Sadie og Nightlights frå UNGjaJAZZja!
  • Olav Undeland
  • D’funker
  • Novgorod
  • Klovning / Tveite / Jensen
  • Bitu & the Bandits
  • Prince Generations

Prisar

Badnajolajazz: Kr. 70 – frå 2 år.
Jolajazz: Førehandsal kr 350 – + gebyr Billettservice / kr. 400 – i døra.

Ynskjekonsert med Pappabandet Rogne Barnehage skipa i år til sommarfest med sitt eige pappaband. Det vart stor suksess og no ynskjer Vossa Jazz at fleire skal få oppleva bandet. For at det skal verta ekstra bra vert ungdommar og difor vert årets Badnajolajazz ein ynskjekonsert. Har du ein favorittsong du ynskjer å høyra? Skulle nokon ha lyst å vera med å spela eller synga er dei hjarteleg velkomne til det. Send e-post med dine ynskjer til trude@vossajazz.no innan 15. desember. Me kan ikkje lova at absolutt alle ynskjer kjem med men me strekker oss så langt me klarar. Det vil òg verta høve til å dansa!

Erlend Styve – gitar vokal / Mike Gallaher – gitar vokal / Torstein Norevik – bass / Kåre Opheim – trommer
Med på denne konserten frå UNGjaJAZZja! på gitar: Eivind Demring Styve Mia Bolstad Oda Seim Sven Harald Moseid Brede Tøn Amalie Fykse Veslemøy Midthun Mathilde Opheim Anderdal.

UNGjaJAZZja! (kl. 14:30):
StringThing Veslemøy Midthun – gitar / Amalie Tveite Fykse – gitar / Sven Harald Moseid – gitar / Brede Tøn -gitar / Mia Bolstad -gitar / Eivind Demring Styve – gitar / Oda Seim – gitar / Mathilde Opheim Anderdal – gitar

BBE Harald Knapstad – gitar / Andreas Lillevik – gitar / David Tøn – gitar / Benjamin Risa Vik – trommer

HellRokFinFos Hårek Rokne – trommer / Jan Eivind Fostervoll – gitar / Bendik Lilletun Finborud – gitar / Einar Helleve – bass

Arrigato Astrid Brattebø – trommer / Signe Førre – bass / Ida Kjørskaug – gitar / Magnus Jensen – gitar / Matias Lavik – keyboard

 

Frå kl. 21:00:
Sister Sadie Helena Reutz Ringheim – vokal /Linda Ramsøy – trompet /Hilde Berge – saksofon /Jorunn Rønhovde – trombone /Signe Førre – bass /Hildegunn Heggøy – piano /Astrid Fadnes Brattebø – trommer

Nightlights
Elisabeth Lid Trøen – sax /Viljar Dyvik Sellevold – gitar /Arne Fjose Sandberg – bass /Kim Krister Hylland – trommer

 

Olav Undeland Olav Undeland har dei siste åra blitt omtalt som ein framståande tolkar av blues frå 20- og 30-talet. Med cd-debuten ”So much trouble” (2002) etablerte han seg som ”fingerpicker” i deltabluessjangeren med særpreg og teknisk dugleik. Denne tradisjonen tok han vidare med ”Riding the blind” i 2005 der han utvikla sin originale og særs svingande countryblues. No har Undeland gått tilbake til den akustiske ”førkrigsbluesen” med gitar og fottramping igjen på plata ”Sleepless blues”.

Olav Undeland – gitar

 

D’funker D’funker spelar musikk i grenslandet mellom funk jazz og blues der B3-orgelet har ein sentral plass i lydbiletet. I tillegg til Jimmy Smith-inspirert stoff har dette bandet jobba med å henta inn låtar frå ulike musikalske sjangrar inn i dette konseptet t.d. frå reggae rock og soul. Filosofien er at ein kan putta mykje ulikt oppi denne musikalske gryta berre D’funker!

Huub Sprang – saksofon /Lars Hammerland – Hammond B3-orgel / Oddvar Ekse – gitar / Steinar Røthe – trommer / Trond Matre – bass

 

Novgorod – finsk humppa jødisk tango og lengselsfull vals.
Dette stjernelaget med utgangspunkt i den bergenske folkrock-scena og med Gabriel Fliflet i bresjen har følgjande bodskap å levera: «Novgorod vil hente musikken som er russisk finsk jødisk nordsvensk sigøynsk. Moll-dominert og melankolsk – vill og vital!» For dei som kjenner til Fliflet/Hamre så lovar dette godt. Om ein i tillegg kjenner til Real Ones så kunne det ikkje lova stort betre! Hiv på ein dose Kniv & Taffel SwingJassOrkester så har du samansetninga i Novgorod og oppskrifta på ei særdeles fin musikalsk oppleving. Bandet serverer låtar som duftar av solbelyste tømmerveggar og låge trebyar ved Østersjøen. «Alle lar seg begeistre av denne humørfylte kvartetten» skreiv Bergens Tidende. Kva ventar du på? Kom deg på Jolajazzen og bli begeistra du òg!

Gabriel Fliflet – trekkspel vokal / David Vogt – fele /Jørgen Sandvik – gitar /Kristoffer Vogt – kontrab

Klovning / Tveite / Jensen Denne unge trioen tar for seg ulik jazzmusikk med bakgrunn i eigne komposjonar enkelte standardlåtar og litt friimpro. Klovning er student på Jazzlinja i Trondheim medan Tveite og Jensen går på jazzlinja ved Griegakdemiet.

Marius Klovning – gitar 
/ Bjørnar Tveite – bass
 /Mats Jensen – trommer

 

Bitu & the Bandits er eit 6-manns orkester beståande av ein gjeng fantastiske Bergens-musikarar som plutseleg ein dag oppdaga at dei hadde ein felles lidenskap for reggae og ska. Dermed blei bandet «Bitu & the Bandits» etablert rundt 2006 og oppkalla etter mannen i bandet som hadde øvingslokale. Utgangspunktet til dette bandet var ein djup fascinasjon av den skånske reggae- og bluesartisten Peps Persson og hans Blodsband som turnerte scandinavia rundt på 70-talet. Dette iblanda karibiske og jamaicanske element så har du Bitu & the Bandits.

Kai Taule – bass vokal gitar / Christian Øverås – vokal orgel perk / Stein Urheim – gitar vokal / Einar Sogstad – div.tangentar gitar sax perk vokal / Øystein Bergsvik – trommer vokal / Anders Bitustøyl – bass sax perk voka

Prince Generations – ein forrykande hyllest til ein av verdas kulaste artistar.
Gruppa består av nokre av dei fremste bergensmusikarane alle med ein felles faktor: Dei diggar Prince! I denne konstellasjonen får dei utfalda seg som tributeband og tek alt ut på scena i beste storbandstil. Ensemblet debuterte som eit underhaldningsinnslag på ein 30-årsdag i 2006 og allereie året etter fylte dei Røkeriet til randa under Nattjazz. Saman med fleire av Bergen sine dyktigaste og profilerte vokalistar hyller dei den nær geniale artisten som har bak seg hits som Raspberry Beret Sign O The Times When Doves Cry 1999 og Purple Rain berre for å nemna nokre få. Her blir det duka for funky godstemning og høg mimrefaktor for nye og gamle Prince-fans.

Renette Marshall – vokal / Tine Taule – vokal / Mats Grønner – gitar / Mads Falck Berven – gitar/ Thomas Nøkling – saksofon / Jan Erik Reknes – trompet / Einar Sogstad – keyboards / Kai Taule – bass / Eystein Thue – trommer / Christian Øveraas – perkusjon/ vokal

Badnajolajazz: Kr. 70 frå 2 år.
Jolajazz: Førehandsal kr. 350 – + gebyr Billettservice / Kr. 400 – i dør.

 

Velkomen!

Del gjerne!