Jolajazz 2021 avlyst

Grunna nye restriksjonar er dessverre Jolajazz 2021 avlyst.

.

.

Dette er ein tradisjon som går heilt tilbake til Vossa Jazz sitt andre år. Den perfekte blandinga av kvalitetsmusikk og feststemning er jo akkurat det ein treng i romjola! 

Frå kl. 21.00 går det slag i slag saman med desse flotte folka:

Kniv og Taffel Swingjazzorkester 
Do Lado 
Grandane 
DJ Finborud

.

KNIV OG TAFFEL SWINGJAZZORKESTER
– tek jolataffelen til nye høgder! 

Kniv og Taffel Swingjazzorkseter leverer fri og rå swingmusikk frå sigøynar- og Texasswing-songboka. Bandet har gåvesekken fylt med musikalsk joladigg! Etter eit år med innestengd og opplada taffeltrøkk er bandet sprekkeferdig etter å spreia hemningslaus glede på Voss i romjola! 

Mads Berven – gitar, vokal 
David Vogt – fele, vokal 
Kåre Opheim – trommer, vokal 
Karl Wallevik – gitar 
Kristoffer Vogt – kontrabass, vokal 
.

DO LADO
Bandet Do Lado har vossingen Gry Midttun som vokalist og kapellmeister. Saman med bandet serverer ho jazz, latin, bossanova henta hovudsakleg frå Tom Jobims rikhaldige songbok. Det vert glade bossarytmar når Gry tek med seg denne gjengen til Jolajazz: 

Fred Johannesen – flygelhorn 
Arild Seim – gitar 
John Brottemsmo – bass 
Stein Bakke – piano 
Frank Jakobsen – trommer 
Gry Midttun – vokal 

.

GRANDANE  
Grandane spelar sine eigne sjølvskrivne låtar med tekstar på norsk. Musikalsk plasserer dei seg i eit pop-/rock-landskap, der kjærleik og forelsking møter frustrasjon og lengt mot betre tider. Dei har både «Hastverk», «Hol i Hjerta» og «Bakøvesveis», og dei stiller det sentrale spørsmålet «Trur Du At Ho Likar Meg». På jolajazzen vil Grandane garantert bli likt av endå fleire! 

Børge Lindland – gitar og vokal 
André Bjørkhaug – gitar og vokal 
Svein Prestegard – bass og vokal 
Inge Skrede – trommer 

.

DJ FINBORUD
Tradisjonen tru skal våre eigen Lars Finborud snurra plater til dansesvoltne jolajazzarar utover natta. Han lovar å blanda saftige godbitar med funk, disco, jazz, rock, pop og house til ei groovy betasuppe for vårt glade publikum. Det brukar vera så god fot at støpselet må trekkast ut for å stoppa dansen… 

18 års aldersgrense.

Billettsal hjå TicketCo.
Det er halv pris for ungdom mellom 18 og 25 år!

Dersom du ynskjer middagspakke, 3-retters middag og billett til Jolajazz, ta kontakt med Park på tlf. 56 53 10 00.

Velkomne!

.

Merknad: I år vert det ikkje skipa til Badnajolajazz.


Kniv og Taffel Swingjazzorkester
Do Lado
DJ Finborud

Del gjerne!