Jolajazz 2019

Jolajazz på Park Hotel Vossevangen sundag 29. desember!

Kjøp billettar til Jolajazz hjå TicketCo.

Her kan du lasta speleplan for kvelden:

Kl. 15.00 vert det Badnajolajazz i Vossasalen med Baljelauget

Baljejol for små og store!
Baljelaguet serverer jolasongar som Musevisa, På låven sitter nissen, Så går vi rundt om en enebærbusk og mange fleire. Me kan òg lova utlodding av baljelaugsartiklar, baljelaugsdansen og sjølvsagt allsong. Det er med andre ord berre å reinska stemma for jolabrus og riskrem og henga seg på gladleg Baljejol.

Svein Prestegard – sinkbalje, kosteskaft og ei snor!
Arne Anderdal – hardingfele
Tor Helge Opdahl – trommer, kjøkkenutstyr og anna skraml
Olav Undeland – gitar, song

Frå kl. 21.00 vert det Jolajazz med:
Hilde Louise Asbjørnsen
Räfven
Baljelauget
Mark My Word
DJ Finborud

Hilde Louise Asbjørnsen
Hilde Louise Asbjørnsen er ei kvinne med mange talent; ho er jazzvokalist, låtskrivar, skodespelar og kabaretartist med fleire store musikalroller bak seg. Men aller nærast hjarta hennar ligg musikken, noko som har resultert i heile elleve album. Våren 2019 slapp ho sitt siste album; Red Lips, Knuckles and Bones, som fekk strålande mottaking; blant anna trilla Dagbladet ein 5’ar på terningen.

Hilde Louise har vorte samanlikna med storheiter som Marilyn Monroe og Billie Holiday, og saman med sitt fyrverkeri av eit band leverer ho konsertar det verkeleg gneistrar av. 

I 2013 gav Hilde Louise Orchestra ut det kritikarroste albumet «Round About Christmas, som vart kåra til Årets Juleplate i VG. Sidan den gong har Hilde Louise og hennar eminente band gjort fleire swingande jolakonsertar rundt omkring i landet. Endeleg er ho klar for romjol på Voss!

Hilde Louise Asbjørnsen – vokal
Magne Thormodsæter – bass
Kenneth Ekornes – trommer
Svein Erik Martinsen – gitar
Anders Aarum – piano
https://www.hildelouise.no/nb

Räfven
Räfven kjem endeleg tilbake! Dette er ein eksplosjon av eit sceneband med godt humør som fort vart ein av publikumsfavorittane då dei vitja Vossa Jazz første gong. Det svenske musikarkollektivet fyller 15 år og har gjennom hundretals ville konsertar vorte kjend som eit uimotståeleg liveband der deira hemningslause folkpunk har vunne eit stort publikum internasjonalt.

Bandet spelar ei god blanding av svensk og aust-europeisk folkemusikk med valdsamt tempo og engasjement. Räfven er uhøgtidleg, energisk og grenselaust, akkurat som verda skulle vore. Musikken er våpenet, dansegolvet fristaden og kjærleiken bodskapen.

Martin Nurmi – saxofon
Jonas Lundberg – gitar, elgitar
Lina Nordin – fiol
Daniel Wejdin – tamburin
Johan Wejstål – trekkspel 
Rasmus Blanck – kontrabass
Kristoffer Alehed – trombone
Per Svenner – trommer
http://www.rafven.se

Baljelauget
– heilnorsk Americana med baljebass, hardingfele og stusselege viser på tvangsrim. Hjerte, smerte, tull og vås møter slåttespel i trainbeat! Garantert godstemning!

Kvartetten frå Voss er det einaste orkesteret i landet som i fullt alvor nyttar baljebass (sinkbalje, kosteskaft og ei snor!) traktert av Svein Prestegard. Arne Anderdal: hardingfele og Tor Helge Opdahl: trommer, kjøkkenutstyr og anna skraml. Olav Undeland: Gitar, song.
https://www.baljelauget.com/

Mark My Word
Det byrja slik det plar… Ein gjeng møttest for å spela litt i lag i Knut sin kjellar. Målet var ein liten spelejobb på skuleavslutninga for 7. klasse på Vangen skule. Litt etter litt vart gjengen kjent med at gitarist/vokalist Mark Ian Harbun som hadde skåpet fullt av vakre låtar han har laga opp gjennom åra. Etter spelejobben på skulen vart fokus flytta til Mark sin musikk, me flyttar musikken opp frå kjellaren til Knut og inn i Pentagon.

Anders Brekke – gitar
Torstein Norevik – bass
Knut Opheim – trommer
Laine DeWolf – keyboard, vokal
Elisabeth Østervold – vokal
Mark Harburn – gitar, vokal
https://markmyword.webnode.com/


DJ Finborud
Tradisjonen tru skal våre eigen Lars Finborud snurra plater til dansesvoltne jolajazzarar utover natta. Han lovar å blanda saftige godbitar med funk, disco, jazz, rock, pop og house til ei groovy betasuppe for vårt glade publikum. Det brukar vera så god fot at stikkontakten må trekkast ut for å stoppa dansen…

Billettsal hjå TickeCo. Hugs at me har ungdomspris!

Dersom du ynskjer middagspakke, ta kontakt direkte med Park på tlf. 56531000.

Velkomen!

Del gjerne!