Jolajazz 2018

Laurdag 29. desember er det duka for Jolajazz 2018 på Park Hotel Vossevangen!

Kjøp billettar til Jolajazz hjå TicketCo.

Kl. 15.00 vert det Badnajolajazz i Vossasalen med Bervens Jolalåteri og Badnajazzkoret

Jolalåteriet og Badnajazzkoret framfører ein familiekonsert med tradisjonelle jolalåtar i reggae-, ska-, funk- og softrockversjonar. Konserten er ein syng-med-konsert med tekstar som vert viste frå scena.

Repertoaret består av jolalåtar som er kjende for borna, låtar som dei syng i barnehagen og på skulen.

Bervens Jolalåteri leverer god stemning, god speling, og jolalåtar i oppfriska versjonar med god allsongfaktor. Bandet er sett saman av jazzmusikarar, og allsonglåtane er difor ispedd soloar/improvisasjonar. Konserten er interaktiv med god kommunikasjon mellom band og publikum.

Mads Berven – gitar, vokal
Elisabeth Trøen – saksofon
Arne Toivo Fjose Sandberg – bass
Sigurd Steinkopf – trommer
Ingrid Steinkopf – tangentar

Frå kl. 20.30 kan du få oppleva:

20.30 Vossajuvet: DJ Finborud
21.30 Vossasalen: Fliflet/Hamre og Knut Reiersrud, Tre Leikekameratar
23.00 Pentagon: Havene
24.00 Vossasalen: Shades of Blues med gjester
01.30 Vossajuvet: DJ Finborud

Fliflet/Hamre og Knut Reiersrud: Tre Leikekameratar
Fliflet/Hamre er eit av landets mest usannsynlege orkester. Med trekkspel, trommesett, gryter, stepp og song lagar Gabriel Fliflet og Ole Hamre musikk som set fyr i telta. Og svalar panna med poetiske refleksjonar når det blir for heitt.
Nyfikne, lyttande og eldfulle. Glimtet i auga er aldri langt unna.

Knut Reiersrud er ein musikalsk vandringsmann. I fleire tiår har han gitt kloden gitarmusikk som både er øm og audmjuk, vrang og vrengjande. Reiersrud er ein av dei få musikarane som stadig overraskar, men samtidig umiskjenneleg er seg sjølv. Han høyres ut slik ingen annan kan.

I starten av vårt hundreår, på Vossa Jazz 2001, starat dei tre karane sin samleik. Etter ein lang pause klemtar klokkene no for eit nytt møte.

Blues og Balkan.
Myje kan skje.
Lytt og le!

Knut Reiersrud – gitarar, munnspel, vokal
Gabriel Fliflet – trekkspel, vokal
Ole Hamre – trommesett, hamrofon, melodika, stepp, vokal

Havene
Havene starta opp i 2016 på initiativ av bassist Arne Sandberg og vokalist Amalie Holt Kleive. Målet var å ha eit prosjekt der medlemmane kunne få utløp for alle musikalske impulsar som står dei nært, samtidig som dei hadde ein stad å koma med alle idear som ein skulle komme på. Musikken er difor ekstremt variert og spennande. Medlemmane i bandet kjem frå jazz-miljøet i Bergen, men bryter til tider godt med sjangernemninga «jazz». I samarbeid med produsent Matias Tellez og Blanca records har Havene perfeksjonert uttrykket sitt, der dei ligg midt på skalaen av ei rekkje musikalske uttrykk, noko som gjer musikken tilgjengeleg og spennande for dei aller fleste.

Amalie Holt Kleive – vokal
Arne Toivo Fjose Sandberg – kontrabass
Martin Wright Thorsen – trommer
Jonas Hamre – saksofon

Facebook: https://www.facebook.com/havenemusic/ Instagram: @havenemusic

Shades of Blues med gjester
Shades of Blues starta opp i 1964 og spelte til starten av 70-talet. Men dei har som andre store band hatt fleire gjenforeiningar, seinast i høve 50-årsjubileet i 2014. Til årets Jolajazz har dei teke med fleire gode gjester; det vert forsterking både på vokal og ulike instrument.  Bandet er klart til å få eit finpynta publikum ut på dansegolvet, det vert servert 60-talsmusikk med trøkk og garantert god stemning. Det er berre å finna fram danseskoa og lada opp til Jolajazz med andre ord!

Asle Haaland – vokal
Ole Johan Gjøstein – gitar, vokal
Steinar Røthe – trommer
Lars Hammersland – tangentar
Steinar Lyssand – gitar
Styrk Opheim – bass, vokal
Ivar Kolve – perkusjon
Grethe Marie Skjervheim – vokal
Solfrid Himle – fløyte, vokal
Silje Stubø Solstad – vokal

DJ Finborud
Når vossingen Lars Finborud ikkje speler med band som Yngve and his Boogie Legs, Chain Wallet og Tellef Raabe likar han å snurra plater på Café Opera, Kvarteret og Landmark i Bergen og ikkje minst på Tre Brør på Voss. Til Jolajazz lover han å blanda saftige godbitar med funk, disco, jazz, rock, pop og house til ei groovy betasuppe for dansesvoltne jolajazzarar.

Billettsal hjå TicketCo. I år har me ungdomspris på Jolajazz!

Dersom du ynskjer middagspakke, ta kontakt direkte med Park på tlf. 56 53 10 00.

Velkomen!

Del gjerne!