Jøkleba opnar Vossa Jazz

jokleba

På kort varsel har Overtone Quartet måtta kansellera turnéen sin grunna sjukdom i nær familie og dermed utgår også konserten på Vossa Jazz.

Det skal litt til å matcha ein slik kombo men når det er sjølvaste Jøkleba som reddar dagen så blir det meir enn ei erstatning – det er ein happening i seg sjølv!

Det legendariske bandet med Per Jørgensen Audun Kleive og Jon Balke turnerer ikkje lenger men då hasteførespurnaden kom frå Vossa Jazz på samme tidspunkt som utgjevinga av ein dobbel CD med tidlegare utgitt og uutgitt materiale går i pressene i Tyskland bestemte trioen seg for at det måtte vera kosmos som blanda seg og kunne dermed ikkje takka nei. Dei heldt sist konsert i 2003 så dette blir eksklusivt. Så dermed er det duka for nye og gamle tonar frå stjernetrioen Jøkleba!

Billettsalet er i gang på Billettservice / Posten / Narvesen / 7-Eleven. Dei som har kjøpt billett til Overtone Quartet kan få refundert denne på utsalsstaden eller nytta den til konserten med Jøkleba. Det same gjeld plassbilletten.

Del gjerne!