Jeppe på Zeebjerget

Jeppe Zeeberg (Foto: Vossa Jazz/ Olav Aga
Jeppe Zeeberg (Foto: Vossa Jazz/ Olav Aga

Etter ei lang natt vart eg forundra då eg vakna opp i Osasalen sundag ettermiddag. Er eg komen til paradis, eller er eg framleis i live? Det kjenntast i alle fall ut som paradis då Jeppe Zeeberg spela solopiano.

Det byrja stilt, nestan John Cage-stille. Men plutselig kunne ein høyra låge tonar flyte ut av flygelet som vart høgare og høgare. Ein svaiande Jeppe som båe var nære og langt frå tangentane. Frå det svale til det intense. Ei stemme kan ein brått høyra frå høgtalarane, på engelsk, men den går i sløyfe. Pianospel deretter, ei etterligning av stemma med tangentane. Flytande inn og ut mellom melodiar vert me brått dregen inn til fuglekvitter, og ny stemmer. Frå nye stemmer til ragtime, og ragtime til ny stemmer.

Var det faktisk ekte? Var eg i paradis, eller var det berre ein draum?

Del gjerne!