Jazztog utan grenser

Foto: Eirik Åsheim

Rodrigo Amado Motion Trio & Peter Evans

Festsalen hadde storfint besøk frå Portugal laurdag kveld. Jazztrioen frå Lisboa hadde dessutan med seg den amerikanske trompetvirtuosen Peter Evans, som spelte trompet slik du truleg aldri har høyrt det før. Uttrykket var søkjande og utfordrande, samspelet mellom dei fire musikarane tett og intenst.

På eitt tidspunkt høyrdest Evans sin trompet ut som ein helikopterrotor, noko som fekk ein del publikummarar til å sjå seg rundt i rommet. Men det var ikkje noko helikopter, men eit tog i full fart inn i natta, eit jazztog utan endestasjon.

Del gjerne!