Jazzskule i full blom

_dsc2505

Voss Jazzskule har på få år bygd seg opp eit godt rykte for å skapa gode vekstvilkår for dei mange av dei flottaste talenta innan jazzmusikken i Noreg. Det er difor ikkje utan grunn at mange også denne gongen såg fram til deira årlege Vossa Jazz-konsert. Og elevane visste å dra nytte av den glansen som vart kasta deira veg. Dei varta opp med personlege tolkingar av gamle jazzklassikarar samt svært imponerande framføringar av eigenkomponerte låtar. Mange av utøvarane utmerka seg med glitrande soloprestasjonar stadig halde oppe av eit botnsolid akkompagnement. Med nydelege tonar og god intern dynamikk trollbatt dei unge musikarane heile den bognande publikumsmassen og leivde liten tvil om kvar framtida sine jazzstjerner er å finna.

Del gjerne!