Jazzlinja i Trondheim

For fullsatt sal serverte Jazzlinja eit variert program til både unge og gamle på Fraktgodsen fredag. Ekstra stas var det at gitaristen og vossingen Marius Klovning spelte eigenkomponerte låtar saman med talentfulle kameratar. Therese Aune imponerte med flott vokal og elles er frijazzspelarane Tomas Järmyr på trommer og Oscar Grönberg på piano to namn å trekke fram. Med ein slik start på festivalen er det berre å gle seg til i kveld for då spelar fire av studentane spelar på Tre Brør.

Del gjerne!