Jazzintro Bento Box og Munch trio (Foto: Vossa Jazz/ Eila Fjose)
Jazzintro Bento Box og Munch trio (Foto: Vossa Jazz/ Eila Fjose)

Jazzintro: slaget om jazz

Fem festivalar, fire delfinaler, to trioar og ein vinnar. Sånn er Jazzintro på Vossa Jazz, der Vossa Jazz er årets fyrste “duell”. To unge jazzgrupper møter kvarandre om ein plass i finalen på Moldejazz. I år var det Bento Box mot Munch trio. Årets Jazzintro er starta!

Kveldens fyrste nummer var Bento Box. Ein trio utan vokal, men boksen gjorde det opp att med ein fantastisk fengjande og fargerik fiolin. Flagrande full av uttrykk som både fiolinen og fiolinisten var, gjorde det naturlegvis inntrykk på publikum. Saman med ein klingande piano og presis perkusjonist vart vossajazzarane som hadde lurt seg inn i Pentagon introdusert til jazzen si framtid.

Den andre duellanten var Munch trio. Mette var publikum ikkje då Munch trio entra scena, dei fekk nemleg munchies. Ein heil akustisk trio med ein bass på fem strenger, ein manoush-gitar og ein saksofon. Dei bydde på både sjølvkomponerte songar som sjølv Django Reinhardt hadde vore stolt over , samt countrycovrar som fenga og flaut i øyra.

Bento Box spelte seg vidare til finalen i Molde.

Les meir om:

Artikkel under:

Arkiv