Jazzintro: motsol gjekk vidare

Åtte band med talentfulle unge jazzmusikarar er handplukka til å delta i Jazzintro og konkurrerer om tittelen Årets unge jazzmusikere 2010. Sundag var det duka for første runde i denne uvanleg spanande kåringa. motsol og Off Topic entra Fraktgodsen med driv og sjarme.

motsol består av Ståle L. Solberg på slagverk og Stine J. Motland på vokal. Duoen framfører fri improvisasjon. Dette er ope og intenst utfordrande og innbydande.

Off Topic spelar heftig og energisk akustisk jazz. Med groov riff og ein god prosjon improvisasjon leikar trioen seg på secna. Bassist Sebastian Haugen står for komposisjonane. Med seg har han Kim-Erik Pedersen (saksofon) og Tore Sandbakken (trommer).

Etter konserten var kåringa klar: motsol går vidare til finalen på Moldejazz.