Jazzintro 2010; Off Topic og motsol til Vossa Jazz

offtopicpressebilde1

Åtte band med spanande unge jazzmusikarar er handplukka til å delta i Jazzintro og konkurrerer om tittelen Årets unge jazzmusikere 2010. I løpet av våren og sommaren vil desse spele på Jazzintros innleiande rundar på dei støste jazzfestivalane i landet.

På finalen under Moldejazz i juli vil ein jury beståande av nokre av Noregs framste jazzmusikarar kåra Årets unge jazzmusikere 2010. Dette bandet vil dei neste to åra få ei lanseringspakke frå Rikskonsertane til ein verdi av fleire hundre tusen kroner samt eit arbeidsstipend frå Gramo på 100 000 kroner.

Dei åtte banda som deltek i Jazzintro 2010 er Cinnamon ReSource Fairfist Ferner/Juliusson Ine&Peder motsol Off Topic Speakeasy og Steinar Aadnekvam Quartet. Ein fagjury med profesjonelle jazzmusikarar har plukka ut deltakerbanda på bakgrunn av innsende søknader og demomateriale.

Til Vossa Jazz kjem Off Topic og motsol

Off Topic
Trioen Off Topic har utspring frå Norges Musikkhøgskole og spelar energisk og heftig akustisk jazz med klåre referansar til Albert Ayler Urban Connection Ornette Coleman og The Hub. Med groover riff improvisasjon og ein stor porsjon frihet leikar dei seg gjennom jazzhistoria og finn eigne løysingar med altsax og kontrabass som einaste melodiske instrument. Trioens bassist Sebastian Haugen står for komposisjonane. Saman har dei mellom anna vore på Noregsturné spelt på Oslo Jazzfestival Dølajazz og Nasjonal jazzscene i Oslo.

Sebastian Haugen – bass
Kim-Erik Pedersen – saksofon
Tore Sandbakken – trommer

 

motsol
motsol vart etablert i 2004 og duoen har sidan spelt på eit stort utval norske festivalar og scener. I 2007 kom motsol ut med plata Strap on på det engelske selskapet FMR -records.
Med sin unike besetning skapar motsol ei rå lydverd med eit uvisst utfall der ukonvensjonell rollefordeling er framtredande i samspelet.

motsol har eit akustisk uttrykk – om ein ser bort frå Liavik Solberg sin bruk av vintage elektroakustiske apparat og at Janvin Motlands stemme til tider kan minne om eit asfaltbor. Musikken er fritt improvisert med referansar til både tradisjonell europeisk fri improvisasjon og klassisk samtidsmusikk. Utvida teknikkar impulsivitet og preparasjonar av ulike slag dominerer duoens abstrakte uttrykk som er både ope og intenst utfordrande og innbydande.

Både saman og kvar for seg har bandmedlemmane Ståle Liavik Solberg og Stine Janvin Motland gjort seg bemerka for deira særeigne instrumentering og uredde spelestil mellom anna i samspel med Frode Gjerstad Martin Küchen David Stackenäs Håvard Wiik Fred Lonberg-Holm og Hild Sofie Tafjord i tillegg til eigne soloprosjek og det faste ensemblet Kitchen Orchestra. Dei er begge utdanna ved jazzlinja i Stavanger og er no i ferd med å avslutta mastergrada si ved Norges Musikkhøgskole.

Ståle Liavik Solberg – slagverk
Stine Janvin Motland – vokal

Dersom du har Kulturkort for ungdom får du rabatt på denne konserten. Då kjøper du billett på billetkontoret på Park under festivalen.

 

English:
JazzIntro

Norsk jazzforum (the Norwegian jazz federation) Rikskonsertene (Concerts Norway) and five of the biggest jazz festivals in Norway collaborate on this competition that presents up and coming artists. The winner gets a launching package worth several hundred thousand Norwegian krone and is the most prestigious competition among young artists in the jazz field. The two bands competing in Voss both have come from The Norwegian Academy of Music in Oslo OffTopic is inspired by the 60s jazz scene and motsol lean towards impro and free jazz. The winner will participate in the grand final at this year’s Moldejazz. See tomorrow’s stars today!

 

Del gjerne!