Jazza Jordskjelv i Gamlekinoen

Skadedyr m/Røine Foto: Amalie Johansson
IMG_9507 kopi

Det er heilt stille i salen då Skadedyr og Anders Røine inntek scena i Gamlekinoen fredag kveld. Stille før stormen.

PANG! Ein eksplosjon av kaotiske og schizofrene rytmar og riff, som får Tsjernobyl til å verka som ein kinaputt – dei fyrste skota er avfyrt.

Trommeslagar Hulbækmo var omringa av alle tenkjelege eksotiske rytme- og perkusjonsinstrument, og følgjer opp eksplosjonen med fantastisk eklektisk pling-i-bollen-spel som forvirrar, imponerar og lamslår publikum. Så vert det dønn stilt igjen. Opp av stilnaden stig ein kjenslevar synthline. Langt om lenge kom langeleiken leikande og luskande inn frå sidelina. Så kjem skadedyra for fullt, og infiserer Gamlekinoen med desorienterande vulkanutbrot av vill tuba, måkeskrikande trompet og Røine sin kraftfulle folkesong.

Mutationes Tempestas var ei musikalsk naturoppleving langt utanom det vanlege – eit jazza jordskjelv som spegla naturen sin kontinuerlege utvikling og rørsle i eit mektig og makelaust uttrykk. Like valdsamt som vakkert, og definitivt eit banebrytande høgdepunkt på årets festival.

Del gjerne!