Jazz und Berlin und DJ Barabass

knut_hoem_sk

Få med deg snikpresentasjon av Knut Hoem si nye reisebok med innlagt musikk av DJ Barabass og currywurst på menyen. Knut Hoem har skrive ei bok om Berlin etter sitt eige hjerte og på Ringheim Kafe kan du få med deg eit og anna tips om kor du finn dei gode jazz-jointane i Berlin. DJ Barabass aka Gunnar Innvær har bakgrunn som komponist og lyddesignar i tillegg til å vera ein ettertrakta DJ. Han kjem til Voss med bagen full av lyd for å tonesetja Hoem sitt føredrag. La deg inspirera til å tenka ferieplanar eller weekendtur i ekte Vossa Jazz-ånd!

Del gjerne!