Jazz Berlin und Knut Hoem

Vossa Jazz prøver seg som geografiske kulturformidlarar!

Kor kan du elles sjå og høyra jazz i verda? Fyrste misjonær ut er NRK-journalist og Berlin-elskar Knut Hoem. Han har skrive bok om Berlin og vil laurdag kveld vere reiseleiar for alle som er nyfikne på byen generelt og på jazzscena spesielt. Jazzscena i Berlin er i rivande utvikling og spesielt etter murens fall har mykje endra seg. Knut Hoem ser på Berlin som eit møtepunkt mellom aust og vest men óg som ei leikegrind for stadig fleire norske kunstnarar og musikarar.

English; Knut Hoem

Norwegian author and Berlin enthusiast sheds light over the big city and where to hang out to catch great jazz music. In Norwegian.

I tillegg til opplesning og Bratwurst vert det òg avspeling av Berlin-relevant jazz og tips om kva for jazzklubbar som gjeld i Berlin nett no.

Ringheim Kafé laurdag kl. 19:30. Gratis entré.