Jassa jazz!

Roberto Ottaviano Eternal Love Quintet (foto: Vossa Jazz/Daniel Sapak)
Roberto Ottaviano Eternal Love Quintet (foto: Vossa Jazz/Daniel Sapak)

Er det dette som er jazz? Det er dette som er jazz. Dette er altså jazz? Jass, dette er jazz. Og ikkje berre er det jazz; det er vossajazz, nikka dei kvassaste vossajazzarane i Jazzklubben anerkjennande, i taktfast utakt, medan saksofonvirtuosen Roberto Ottaviano og den jazzelskande kvintetten hans jazza i veg på instrumenta sine.

Dei jazza i veg, og dei jazza på. Den eine atonale improvisasjonen avløyste snart den andre, som ein jazza kviskreleik, medan dei nikkande hovuda i klubben gradvis stilna, og vart erstatta av konsentrerte jazzauge, som vende både utover og innover, forbi tonane, og mot det eternale jazzeanet som kapsla inn temaet – som vel ein eller annan stad framleis fanst der?

Fanst det der? Jo, visst fanst det der. Dei kvassaste vossajazzarane gløtta mot kvarandre, nikka arnerkjennande; det er dette som er jazz, nikka dei, før dei smale jazzaugo vart lukka heilt, og lukka var heil.

Del gjerne!