Jakkeslenging og superimprovisasjonar i Fraktgodsen

superjazz-1

Trondheim Voices nyttar stemma som instrument og saman med Supergruppa på Voss lagar dei eit show heilt utanom det vanlege. All musikken er improvisert fram og all lyd er laga ved hjelp av stemma. Her er lydleiken i fokus.

Dei glitterkledde Trondheimsstemmene får god hjelp av heile supergruppa som har vore med på workshop nokre timar tidlegare. Ein nyskapande versjon av Tirna Noir basert på dei unike røystene til heile ensemblet er rørande og meir enn ein festivalgangar lyt turka augnekroken.

Godt er det då at ein får seg ein reinsande lyddusj av enkle rytmar og stemmeharmoniar. Med ny giv frå Supergruppa sin nyutnevnde dirigent Åshild står stemninga i taket. For å krydra showet litt ekstra sleng ho likegodt jakka i ekte rockestjernestil.

Det er fleire superstjerner på scena og både planlagde og spontane improviasjonar overraskar lyttarane. Fraktgodsen vert som ei lydlomme av klang og stemmeharmoniar der publikum får vera med frå Lønneberget til Trondheim før Superjazzen avsluttar med allsong i lyset frå discokula

Del gjerne!