Jaga skulekorps!

Skarbø Skulekorps (foto: Ådne Dyrnesli)
Skarbø Skulekorps (foto: Ådne Dyrnesli)

Dei som kom til Vossasalen for å trampe takta til «Gamal jegermarsj» denne fredagskvelden, trampa nok fort ut att, for her var det ikkje mykje som smaka av gamal messingblås. Alt som er att av korpsestetikk i Øyvind Skarbø sitt skulekorps, er fane og uniformer. Uniformene sat som eit skot – og det gjorde også tonane som vart blese og slegne or instrumenta. 

Skarbø skulekorps speler melodiøst og funky, taktfast, utagerande og kontrollert på ein og same gong. Her er soloar, samspel, synth og steel. Ein tek seg undervegs i å tenkje: Slik kan eit skulekorps også høyrast ut. Så samspelt kan eit skulekorps vere. Så skarpt kan eit skulekorps læte, og så blæsta kan eit skulekorps også spele! Ein tek seg også undervegs i å tenkje at det er synd å skulle måtte sitje og tenkje på ein slik konsert.

Meteren gjeld endå nokre timar, men dei var nok ikkje få i Vossasalen som med jamne mellomrom fekk lyst til å drite i han, sparke bord og stolar vekk, og heller verte med Skarbø & co på korpstur. 

Del gjerne!