Ivar Kvåle har gått bort

Ivar var ein viktig mann for bygda – og for kulturlivet spesielt. Han var mest kjend som biletkunstar og avisteiknar men han har m.a. òg skrive og illustrert bøker. Ivar var aktiv i Vossa Jazz-miljøet i over 30 år; som musikar festivalutstillar og plakatkunstnar.

Festivalpublikum vil hugsa han som mannen på neverlur under opninga av festivalen heilt frå fyrste gong i 1975! Denne opninga vart ein tradisjon og til jubileumsfestivalen i 1993 komponerte han saman med Per Indrehus ei opningshymne tufta på "Heime på steinane". Denne hymna vert framleis spelt under opninga og er for mange sjølve symbolet på og kjensla av at no er det Vossa Jazz. Denne kjensla vil leva vidare med gode minner og i stor takksemd til kunstnaren og eldsjela Ivar Kvåle.

Del gjerne!