Ivar Kolve om Vossa Jazz

Me har spurt eit utval artistar kva forhold dei har til Vossa Jazz – fyrst ute er Ivar Kolve som kjem til Voss med heilt nye tonar i vibrafon-kofferten:

Vossa Jazz er ikkje berre ein super start på påskeferien men også eit musikalsk høgdepunkt år etter år. Ingenting er som kombinasjonen gryande vår ski og jazz… og påskeferie. Vossa Jazz har alltid vore og er framleis ein av dei viktigaste festivalane i landet for  improvisert musikk.

Konserten eg presenterar i år er basert på rytmiske perkussive og tonale mønster. Melodilinjer med tilknyting til ostinatene ligg oppå og skapar eit særeige musikalsk uttrykk.Framifrå musikarar frå øvste hylle gjev musikken nye dimensjonar.

Me gler oss – les meir om Polyostinat her!