Isklåre inntrykk

Foto: Vossa Jazz/Olav Aga
Foto: Vossa Jazz/Olav Aga

Ut or myrkret trer ein hettekledd skapning, som avdukar det urgamle, det ævelege, ein isskulptur med skjær av blått. Som den var hoggen ut av isen frå eit fjellvatn langt nord, som skin som om den lyser av seg sjølv.

Arktiske ljodar – jazzistar med jazzinstrument og song frå sibirske, samiske og inuitiske strupar – fyller Gamlekinoen som eit iskaldt gufs. 

Dei forgjengelege instrumenta sette varige inntrykk.

Del gjerne!