Is this love

ingrid_olava_c_adrian_sognen_-_vossajazz_6

Dette spør Ingrid Olava i tredje låt. Og ja eg må innrømma at det var kjærleik ved første blikk. Sjølv om dette var første gong på Vossa Jazz for Ingrid Olava spelar så naturleg at det verkar som om ho alltid har vore her. Som nyleg mottakar av StatoilHydro stipendet har Ingrid Olava allereie bevist at ho er ein stor artist og det visar ho også på Vossa Jazz. På alt frå omnichord til sag laga Erland Dahlen og Thomas Tofte eit flott komp for at Ingrid Olava skulle få komma fram med si framifrå stemme. I ei nærast anklagende stemme bryter ho ut ”Dere er så mange” og det er ikkje utan grunn at det er fullt.

Del gjerne!