Irene Tillung mottek Vossa Jazz-prisen 2022 (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)
Irene Tillung mottek Vossa Jazz-prisen 2022 (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)

Irene Tillung vann Vossa Jazz-prisen 2022

Vossa Jazz-prisen vart delt ut laurdag kveld i Vossasalen. Komponist og musikar Irene Tillung mottok den prestisjetunge prisen i år!

Vossa Jazz-prisen er gjeven av Vestland fylkeskommune. Prisen er på 50 000 kr, i tillegg til eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat, laga av festivalkunstnar Sveinung Iversen. Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren i Vestland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren.

Frå juryen si grunngjeving:
 
Vossa Jazz-prisen har gjennom åra vorte gjeven til mange gode musikarar frå fylket, og lista over tidlegare prisvinnarar utgjer ein stor del av dei viktigaste utøvarane i landsdelen. 
 
Vossa Jazz sin musikalske profil femner om jazz og folkemusikk. Årets vinnar er utdanna innan klassisk musikk, men har verkeleg blitt lagt merke innan norsk folkemusikk og har jobba med musikarar i mange sjangrar.
 
Til Vossa Jazz i fjor komponerte årets vinnar eit fantastisk verk som samla ni andre musikarar frå toppsjiktet innan folkemusikk, jazz og klassisk musikk på scena. Det stjernespekka ti-mannsensemblet hausta gjetord frå både publikum og presse og synte ein dyktig komponist og akkordeonist som leverte eit mektig verk som gav rom for alle medmusikantane. Årets prisvinnar har også skrive teatermusikk, vore studiomusikar, laga filmmusikk og spelt med grupper som Tindra og MAAR – og turnert over store delar av verda. Og ho er frå Voss!
 
Me tek ein trommevirvel og avslører med dette at den 35. Vossa Jazz-prisen går til
 
IRENE TILLUNG

Artikkel under:

Arkiv