Intimkonsert på Tre brør

benedicte_maurseth_-_sigvor_mala-1-2

I går var det mang ein jazzar som var litt seint i seng men det er fortsatt viktig å å stå tidleg opp om ein vil ha med seg alle konsertane på Vossa Jazz. Det var det mange som hadde gjort og Tre brør var overfullt av folkemusikkhungrige gjestar.

Benedicte Maurseth hadde publikum si fulle merksemd frå start av og det var berre lyden av kaffien som koka som blanda seg med vakker musikk. Intimkonserten var ei flott oppleving og ein energigivande start på dagens jazzreise.

Del gjerne!