Intenst jazzangrep i god stil

Tre saksofonar det kan ein ikkje klaga på i tillegg til piano bass og slagverk. Me vart tekne med på ein berg- og dalbane av ei reise i jazzen si berikande verd. Ferda starta ofte med summande smygande tonar frå messingblåsarane og endte i eskalerande toppar med heile bandet i full sving og eksplosjon.

Rått og spanande. Ikkje noko problem å kjenne jazzen krible i kroppen når kontrabassen forførte med langsame tonar og damen på trommer ikkje nølte med ville improvisasjonar.

Namnet på låt nummer to er vel representativt for jentene sin generelle råskap: «Lisa Med Kniven» Ein veit vel eigentleg ikkje heilt kva ein skal forvente men det er jo nett det som gjer det så intenst. Og sjølvsagt har dei ei låt med same namn som gruppa sjølv: «Attack» aggressiv og akkurat passe frekk. Det heile avsluttar roleg me er tilbake til det summande smygande voggande.

Ferda er kanskje over men musikken kjem til å krible vidare i kroppen resten av festivalen.