Instagramkonkurransen!

branco_holmstrom

Såkalla instagramfestivalar kan ein gjerne fnyse av men for eit herleg medium desse telefonane er når det gjeld å avgje stemningsrapport! Me legg difor ut eit knippe av dei som vart med i siste vurderinga og håpar at endå fleire hiv seg på neste år. Finn du deg sjølv under kanskje? Liv Holmstrøm sitt Cristina Branco-blinkskudd har sikra henne festivalpass til neste år så ingen grunn til ikkje å merka bileta dine med #vossajazz neste gong du knipsar noko som er relevant! Kanskje du er på konsert og tenkjer på Voss? Brått kjem tingingsverket på radioen? Tore Brunborg går forbi deg på gata? Knips knips knips!

 

Del gjerne!