Inkluderande kveik

Vossakveik 2018
Foto: Brit Aksnes

Vossakveik er verkeleg i ferd med å festa seg som ein av dei viktigaste næringslivsseminara på Voss – det viste seg med rekordstor påmelding og fullsett Gamlekinoen.

Overhøyrt av ein av dei som var til stades:»Da e meir so stand-up, veit du!» Her vart det sikta til føredragshaldar Pellegrino Riccardi. Han fekk salen med seg så det heldt, og akkurat dette er nok nykkelen til suksessen – aktuelle tema og drivande dyktige folk på scena. Dette inkluderer Aiman Shaquara og konferansier Arne Hjeltnes, samt smakebit frå Tingingsverket ført i pennen av Eirik Hegdal. Publikum fekk også kloke ord frå Vossa Jazz-TV sin nye programleiar, ordførar Ringkjøb.

Når det blei servert samosa og anna godsaker frå Syria og Somalia, så var det dønn i tråd med årets tema, «inkludering». Dei samosaane burde inkluderast fast frå no av.

Del gjerne!