Ingrid Olava

Ingrid Olava har på rekordtid opparbeidd seg status som ein av landets mest profilerte og anerkjente artistar. Under årets By:larm vart ho tildelt Staoil-stipendet som skal støtte norske artistar med internasjonalt potensial.

Etter ei tid som korist for Madrugada og medlem av bandet Shit City gav ho i 2007 ut debutalbumet «Julia’s Wishes». Førstealbumet skaffa Olava tre Spellemann-nominasjonar i 2008 som beste nykommar for beste låt («Back to Love») og Årets kvinnelege artist.

Ingrid Olava sitt andre album «The guest»er nyleg lansert og både fans og presse fekk innfridd forventningane. «En mørk plate hvor det kan sprudle av mollakkordene» står det å lesa i presseskrivet. Og nettopp dette spennet mellom melankoli og melodisk pop er det me kan sjå fram til i Festsalen på Park!

Ingrid Olava – piano vokal Thomas Tofte – bass Erland Dahlen – trommer/perkusjon Lasse Baklien – lyd http://ingridolava.com/

English: Ingrid Olava

Ingrid Olava has proven a fine singer-songwriter in the best sense of the term. After a stint as back up singer in various bands she released her debut «Julia’s wishes» in 2007 to overwhelming response and over-the-night fame and a well-deserved nomination for the Norwegian equivalent to the Grammy Spellemannsprisen. This year sees her follow up to «Julia’s wishes» and the audience can expect vibrant dark tunes from a gifted tunesmith with a golden voice.