Ingrid Olava – ein by:Larm-suksess!

ingridolava

Eit fullsatt Folketeateret visste å setja pris på Lillehammer-artisten som no har fått stadfesta at ho har særdeles mykje å by på. Etter debuten i 2007 vart det stilt store forventningar til Ingrid Olava og no har ho innfridd og vel så det. Andreplata «The guest» har hausta gode kritikkar og under by:Larm i helga stakk ho av med det eksklusive Statoil-stipendet på 800.000 kr. Det går til artistar med lovande utsikter òg internasjonalt. Så me gler oss berre meir og meir til konserten hennar i palmehelga på Voss!

Del gjerne!