Ingen forventningar er for høge for Highasakite

Highasakite (Foto: Amalie Johannessen)
Highasakite (Foto: Amalie Johannessen)

For ei stemning! Energien bygde seg gradvis opp medan Highasakite traff den spektakulære balansen mellom maskineri og menneskelegdom. Vokalisten, Ingrid Helene Håvik, førte elektronikken i musikken over til ein levande glød då ho traff dei høge tonane med den eineståande stemma si. Den jazzskulerte indiepop-gruppa tok publikum med storm i ein sal som ikkje kunne vore meir fullstappa. Publikum hadde ikkje fått nok etter den siste låten og etter masse jubel kom Highasakite ut att på scena og avslutta med den kjende songen, ”Since Last Wednesday”, fulgt av den meir emosjonelle ”Lover, Where Do You Live?”. Forventningane var store (med god grunn) og Highasakite levde opp til dei alle.

Del gjerne!