Informasjon vedk. korona

Vossa Jazz fylgjer utviklinga tett når det gjeld korona-viruset. Per i dag, mandag 9. mars, har det ikkje kome restriksjonar eller pålegg som påverkar Vossa Jazz og gjennomføringa av festivalen.

Me vil sjølvsagt retta oss etter informasjon og ev. pålegg frå Statens helsetilsyn og Voss herad.

Det vil koma oppdatering onsdag 11. mars.