Informasjon til dei som har kjøpt billettar – oppdatert

Alle som har kjøpt billettar til Vossa Jazz 2020 vil få ein e-post frå billettleverandøren vår, TicketCo. Denne vert sendt til e-postadressa ein oppgav ved billettkjøp og vil innehalda informasjon om refusjon. Dette har tatt litt lenger tid enn først venta og me er takknemlege for at alle våre gode gjester framleis er tålmodige!

Til orientering, du vil få tre alternative val når du får e-posten frå TicketCo:

  • Ingen refusjon. Om du ynskjer og har moglegheit å gje verdien av billetten som støtte til Vossa Jazz set me stor pris på det!
  • Verdikupong (voucher) som du kan bruka seinare. Me kan dessverre ikkje overføra kjøpte billettar til neste år, men verdikupong kan sjølvsagt brukast på Vossa Jazz 2021!
  • Pengane tilbake. Du vil få refundert verdien av billetten, minus gebyr til TicketCo.

Me håpar å sjå deg i palmehelga 2021, 26. – 28. mars! Hjartetleg velkomen!

Del gjerne!