Informasjon om plassbillettar

motiv_bassist_1

Som ein ekstra service for gjester med festivalpass og dagskort har me i år reservert eit antal plassbillettar for å gjere det mogeleg for gjester med denne type billett å sikra seg plass i god tid til konsertane med Charlie Haden Quartet West og Tingingsverket med Karin Krog og John Surman. I tillegg sel me enkeltbillettar til begge konsertane.

For våre gjester med festivalpass og dagskort har me gjort merksame på at ein treng plassbillett til Charlie Haden og tingingsverket. Denne informasjonen står m.a. både på heimesidene til Vossa Jazz og i programmet. Plassbillettane til desse to konsertane har vore i sal hjå Billettservice sidan januar og er no utselde. Det er framleis enkeltbillettar for sal; skulle det vera ledig kapasitet når det nærmar seg konsertstart vil me sjølvsagt fylle opp plassane. Då vert det som før; førstemann til mølla-prinsippet som gjeld.

 Plassbillettar til kyrkjekonserten og konsertane i Osasalen kan kjøpast på billettkontoret vårt på Park Hotel Vossevangen. Kontoret er ope frå fredag kl. 10:00.

Del gjerne!