Indisk kvinnehyllest innleia Vossa Jazz

img_5353csandrajecmenica

I tradisjonen tru bles Ivar Kvåle Vossa Jazz i gang med Per Indrehus sin fanfare. For full Vossasal meinte Arne Hjetnes det var ei stor ære å få ynskje velkomen til den 36. festivalhelga i rekkja. Vidare presenterte han eit sjølvskrive dikt akkompagnert av Ivar Kolve på saksofon. Debashish Bhattacharya fekk vist seg som ei av verdas leiande slidegitaristar. Han opna konserten med å sei ”You live in heaven!” om
møtet med Voss til samanlikning med den overbefolka byen Calcutta. Med seg på scenen hadde Bhattacharya med seg tre perkusjonistar der to av dei var kvinner. Dette er kontroversielt i indisk kultur då det framleis ikkje er sosialt akseptert at kvinner utøver rytmiske instrument.
Konserten var såleis ei hyllest til kvinner.

– Debashish Bhattacharya er ein internasjonal artist me hadde store forventningar til og han innfridde! No er festivalen endeleg i gang og
me gler oss til dei neste dagane med musikalske høgdepunkt seier festivalsjef Trude Storheim.

Del gjerne!